Slik et du på budsjett

11. august 2017Guider
PÅ BUDSJETT: Tørrvarer og råvarer i sesong er noen av tipsene for å spise billig. Foto: Rune Bendiksen/Julie Ilona Balas
PÅ BUDSJETT: Tørrvarer og råvarer i sesong er noen av tipsene for å spise billig. Foto: Rune Bendiksen/Julie Ilona Balas
Sara Berge Holmberg
Sara Berge Holmberg

Studiekvardagen er rett rundt svingen, og vi viser deg korleis du et på budsjett.

Denne veka startar dei fleste studentar på skulen. Dei seier ha det til mors heimelaga middagar og hei til studentmat på budsjett. Derfor har vi i Godt spurt bloggar og forfattar Gunda Djupvik om hennar beste tips for billig studentmat og gode løysingar.

Gunda Djupvik står bak bloggen Alt Godt og har skreve fleire kokebøker - mellom anna Smalhans, som inneheld oppskrifter til rimeleg mat. Hennar første tips er at stram økonomi krev planlegging.

– Det dyraste er å kaste mat, så fersk mat bør du tenke gjennom når du skal ete. Har du ein salat i kjøleskapet, så et den så fort som råd er. Bruk den gjerne i fleire måltid; under kvitosten, som ein wrap til å pakke inn middagen din i eller i ein klassisk salatbolle, anbefaler forfattaren.

Lang haldbarheit

Vidare fortel ho at tørrvarar held lenge, og at det derfor lønnar seg å ha havregryn, bønner, linser, pasta og ris i skapet.

– Bønner og linser er proteinrike, og høyrer med i eit variert kosthald. Det er mykje billigare å kjøpe tørre belgfrukter og så bløyte og koke dei sjølv. Å ha tørrvarer tilgjengeleg gjer at du kan få i deg noko, sjølv om det er minusgrader på kontoen, seier ho.

Andre billege matvarer Djupvik anbefaler å ha i skapet er rotgrønsaker, nå som det er i sesong. Ho foreslår å bake dei i bitar med olje og krydder på bakepapir.

– Det sparer oppvask. Bakte rotgrønsaker kan serverast aleine, til pasta eller ris, eller i ein salat når dei har kjølna. Bland saman det du har av poteter, gulrøter, pastinakk, søtpotet, selleri og beter, fortel ho, og legger til at tomatar på boks eller i kartong er ein studentfavoritt som er lett å bruke i supper, sausar og gryter.

Når det kjem til matfeitt er det noko ein alltid må ha i hus. Djupvik anbefaler ei olje som toler god oppvarming, som til dømes solsikkeolje eller rapsolje. Ho anbefaler og å ha ei god olivenolje i hus.

– Den gir ein deilig smak på salat og brød. I tillegg må du ha smør i kjøleskapet. Då kan du få til det meste, seie ho.

Lag store porsjonar

Djupvik anbefaler å lage store porsjonar og fryse ned, viss du har tilgang til frysar.

– Det meste du lagar vil held seg i fem til seks dagar i kjøleskap, om du har det i ein tett boks. Mange trur at mat blir dårleg så fort, men det er som regel ikkje tilfelle. Bruk sansane dine – sjå på, lukt på og smak på.

Ho minner om at enkelte matvarer må handterast med varsemd.

- Skal du lage pasta eller ris, så kjøl det ned raskt, ha det i kjøleskapet heile tida og bruk det innan eit døgn, fortel ho.

Å ønske seg lekre, tette boksar i gåve eller kjøpe det dersom du får pengar mellom hendene synast forfattaren er lurt. Då kan du ta med middagsrestar til lunsj og du kan lett og trygt ta vare på mat som er til overs.

Bruk opp og kjøp billig

For å bruke opp den maten du har i skapa, gjeld det å være kreativ. Djupvik fortel at det er to måtar å bruke opp varar på.

– Lag store porsjonar som du tek vare på, eller ta vare på sjølve råvara til seinare.

For å gjere sistnemnte krev det planlegging. Du må vite kva du skal ete dei neste dagane.

– Bløyter og kokar du ein stor pakke linser, kan du ha dei i ei gryte den eine dagen, ei suppe den andre dagen og i ein salat den tredje, seie Djupvik.

For å spare mest mogeleg lønner det seg alltid å handle det som er i sesong. Forfattaren tilrår og å handle datovarer på halv pris, så lenge du veit du skal bruke det same dag.

– Då kan du lage maten ferdig og kjøle eller fryse ned, så får du utnytta datovarene betre, tipsar ho.

Det siste tipset kokebokforfattaren har er å ønska seg matrelaterte ting i gåve til jul og fødselsdag.

– Ønsk deg gode knivar, skjerefjøler, gryter og servise. Det er dyrt og samtidig ein perfekt gåve. Ei god kokebok er også eit supert utgangspunkt for at du fiksar matsteller ditt utan å gå konkurs, avsluttar ho.

Under har vi samla ein haug med oppskrifter som inneheld billige varar. Sett deg ned, skriv ei liste og begynn studiekvardagen på ein fin måte:

Til frukost, lunsj, kvelds:


Til middag:

Publisert: 11.08.2017 kl. 15:19
Oppdatert: 14.08.2017 kl. 11:33


pear
Vil du lagre favorittoppskriftene dine?
Lag deg en gratis konto
Godt.no eies av Schibsted.
Godts ukemeny

Siste i Guider

Vet du ikke hva du vil lage?

Prøv middagsruletten

Kast mindre mat.

Bruk det du har

Hvordan var din opplevelse i dag?