Smaken av min jul: Daniel Kvammen

25. november 2022Aktuelt
ULV I JULEKLÆR: Daniel Kvammen har blant anna vunne Spellemannprisen – og kom på andre plass i årets Maskorama, der han var Ulven.
ULV I JULEKLÆR: Daniel Kvammen har blant anna vunne Spellemannprisen – og kom på andre plass i årets Maskorama, der han var Ulven.
Foto: Privat
Åsa H. Aaberge
Åsa H. Aaberge
Journalist

Ein veldig tradisjonell klassikar må på bordet når Daniel Kvammen skal feire jul.

Duften av granbar og røkelse, nystekte kaker og mammas bakst, en varm, krydra drikk. Smakene vi forbinder med jul er personlig.

I denne artikkelserien har vi snakket med matglade og kjente personer om hva som smaker jul for dem, minner, tradisjoner – og vi har fått deres beste juleoppskrift. Vi har tidligere snakket med fotograf Marte Marie Forsberg. Denne uken snakker vi med Daniel Kvammen.

For musikar – og Maskorama-ulv – Daniel Kvammen er det jul når han reiser heim til fjell, vidde og fisk.

– Korleis smakar er jul for deg?

– Lauk, lefse, rjome, fermentert fisk og verdas beste akevitt!

– Kva gleder du deg mest til ved maten til jul?

– Gleder meg til å overspise ei viku i strekk. Den eine gongen i året der alle kaloriar er lov.

– Kva er dine beste minner rundt jul og mat?

– Å tjuv-ete peparkaker på nattetid når ingen andre såg det.

– Kvifor har du valt denne oppskrifta? Kva betyr den for deg?

– For meg er rakfisk alt på ei gong. Rotnorsk, tradisjon, smaken av heime, fjell, vidde og lokal aure; Grunnfjellet i min barndom. Men det har slått meg, ettersom eg har blitt eldre, at det også er ein utruleg dryg utløpar i det norske kjøkken. Så mykje smak, vrang og krevjande. På mange måtar er det jo «naturell nordic cuisine», ifrå «hine gårde dagar».

Daniel Kvammens rakfisk

Du treng:

Havsalt

Aure

Saltlake

1 butt

KLASSIKAR: Rakfisk er ein viktig tradisjon for mange i jula.
KLASSIKAR: Rakfisk er ein viktig tradisjon for mange i jula.
Foto: Christian Brun / VG

Gjer dette:

Reingjer og skyll fisken. Bruk gjerne børste. Ta ut blodranda, vask og tørk fisken godt.

Strø litt havsalt utover arbeidsbenken

Bruk ein liten neve havsalt pr. fisk. Rull utsida av fisken i havsalt og strø ein neve salt både i hovudet og i fisken. Gni salt inn i sidene.

Legg fiskane anføtes (med enden mot kvarandre) i ein butt. Egna butt kan til dømes vera ei plastkasse med lokk, frå Clas Ohlson. Ha på saltlake. NB: Laken må dekke over fisken.

Legg på godt med press (for eksempel flasker fylt med vatn og eit par plankar).

Ha på eit tett lokk og vent eit par månadar.

Publisert: 25.11.2022 kl. 15:34
Oppdatert: 16.12.2022 kl. 16:49


Finn flere artikler:
pear
Vil du lagre favorittoppskriftene dine?
Lag deg en gratis konto
Godt.no eies av Schibsted.
Godts ukemeny

Siste i Aktuelt

Vet du ikke hva du vil lage?

Prøv middagsruletten

Kast mindre mat.

Bruk det du har

Hvordan var din opplevelse i dag?